kattaelevrad

Arkiv for kategorien ‘Referat’

Referat frå elevrådsmøte måndag 07.12.09

In 1, Referat on 12 desember 2009 at 12:51

Til stades: 1MDM,  2STA, 2STB, 2STC, 2STD, 2MKA, 2MKB, 2IB, 3STA, 3STC, 3STD, 3STE, 3MK, 3IB, UB.

Trykk på tittelen for å lese referatet.

Read the rest of this entry »

Referat frå elevrådsmøte måndag 23.11.09

In Referat on 28 november 2009 at 10:07


Til stades: 1a, 1b, 1mka, 1mkb, 1mdm, 2a, 2b, 2d, 2mka, 2mkb, 2ib, 3a, 3b, 3c, 3d, 3e, 3ib, UB

1. Onsdag 2. desember

Fylkesrådmannen arrangerer elevseminar for skolering av tillitsvalde 2. desember. Vi sender Jørgen S (1mkb), Jørgen M (2mk) og Odin (2mk) dit :)

Ekstra: Tysdag 1. desember arrangerer Elevorganisasjonen ein skulemiljøkonferanse som Elisabeth og Nora frå styret skal delta på.

2. Elevforsamling med EOST 15. desember

Elevorganisasjonen i Sør-Trøndelag (EOST) arrangerer elevforsamling på Brundalen vgs tysdag 15. desember kl 10-15. Vi skal sende 1 delegat som har tale- og stemmerett, og 4 observatørar som har talerett. Signe (styret), Even (2B), Jonas (1D) og Unndis (1D) skal delta. På møtet valde vi Anja i styret til delegat, men det har i ettertid kome fram at ho ikkje kan vere med likevel.

3. Open dag-gruppe

Open dag på skulen skal arrangerast onsdag 27. januar. Vi må ha ei gruppe som organiserar det no, men guidar og andre som skal vere med på det kan melde seg seinare. Jorun (1b), Matias (1mka), Marie (1mdm) og Vilde (UB) vil vere med i gruppa. Hugs å seie frå i klassane, viss de ikkje har gjort det, og send ein e-post eller kom innom Glassburet og sei i frå om de er nokon fleire som vil vere med :)

4. Foreslått reduksjon av ressursar til IB og MK

  • Ole (3IB) og George (2IB) har skrive lesarinnlegg og brev om saka. Karianne Tung (AP) har gjeve tilbakemelding på det og sagd at ho skal ta det med til gruppemøte den 30. november.
  • Ungdommens Fylkesutvalg kan kanskje skaffe oss taletid i fylkestinget for å leggje fram vårt syn i saka.
  • MK-elevane kjem til å måtte vere 30 i ei klasse viss nedskjæringane blir vedteke, og det vil òg gå utover innkjøp av utstyr. Dei skal òg skrive brev om saka, og får kanskje til eit samarbeid med MK-elevar på andre skular.
  • Det kom forslag om å ha ein underskriftskampanje. Vi skal ha ein om IB fyrst, og då kjem George (2IB ) og nokre frå styret til å besøke klassane for å fortelje om saka og samle underskriftar. Det blir truleg ein om MK seinare, men vi skal prøve å få til eit samarbeid med dei andre skulane som har MK-linje fyrst.

5. Radiator

Alle må varsle i klassane om at folk ikkje skal ha føtene på radiatorane under vindauga i M-bygget. Omnane tålar det ikkje, og det kan bli oversvømming viss dei dett ned. Eit varsel på omnane etterlysast :)

6. Underskriftar om haustferien

Mange leverte underskriftar frå klassane, men det var nokre som hadde hatt litt problem med å få samla inn.

7. Eventuelt

a) Volleyballag Reina arrangerar miksturnering. Alle som vil kan lage lag og vere med. Det skal vere 6 på kvart lag, og turneringa er i KVT-hallen 9. januar. Det kostar 700 kr å vere med, og det er mange fine premiar å vinne. Ta kontakt med Mari Lovise (3C) på marilovise@hotmail.com :)

b) Det kom spørsmål om det er mogleg å søkje pengar frå den kulturelle skulesekken, til teaterbesøk til dømes. Det er nok ikkje mogleg, men den kulturelle skulesekken har nokre arrangement som Kattaelever vere med på. Full oversikt finn de her:
http://www.dkstrondelag.no/ksys/find.shtml?fid=0&vie=prg&sid=5648&fid=0&vie=prd&kid=0&fid=0&vie=prd&eid=0&public=0&typ=0&lag=&hag=&cri=

c) 3MDM spurde etter tips til korleis kan dei vere flinkare på PR til dei andre linjene når dei skal ha konsertar. Dei fekk tilbakemelding om mellom anna at det å spele i kantina var veldig bra, og at det er lurt å bruke facebook aktivt.

d) Ballet blir 17. desember! Meir informasjon kjem frå ballkomiteen etter kvart :)

e) 3B har fått feil namn i Kattalogen. Det kjem klistrelappar med namna til 3B som kan settast inn i Kattalogen, og dei kan hentast av dei som vil! De skal få varsel når dei har kome :)

f) Fleire har ikkje fått Kattalogen, og ein elev hadde fått rekninga si med nokon andre sin Kattalog.  Alle som har hatt problem med Kattalogen bør ta direkte kontakt med Iris skolefoto, på kundeservice@irisskolefoto.no! Dei brukar å svare ganske fort :)

g) Neste veke har nokre, tentamenar og heildagsprøver tre dagar på rad. Det er ikkje nokon reglar mot det eigentleg, så lenge prøvane ikkje er på same dag, men nokre opplev at lærarar ikkje tek omsyn til prøveplanen. Dette må de ta opp med lærarane direkte.

h) Det kom spørsmål om korleis det blir med støpsel i nye garderobar, og om det blir fleire i kantina. Dette skal vi undersøkje!

i) Fristen for å søkje til EO-fondet har diverre gått ut.

j) Spørsmål om alle skal ha pc på skrivedagar. Fyrsteklassingane hadde ikkje fått pc fordi vg2 hadde skrivedag samstundes. Vi skal høyre kva leiinga meiner om dette.

k) Nokre saknar kaldvatndispenserane i vestibylen, men vi veit ikkje når dei kjem tilbake. Vi får sjå kor fort dei blir ferdige med bygginga der.

l) Kanonballturneringa er utsett til 10. desember. Kvar klasse kan stille med to lag, på 4-7 spelarar. Påmelding skjer til sportsgruppa på ingree@msn.com innan 30. november :)

Ps: Tips om Bolla og Lillebillfestivalen som går føre seg på Isak denne helga (26.-29. november. Det er fleire elevar på skulen som er med på arrangere den :)

Vensam helsing

Nora Malini Sætherø

elevrådssekretær :)

Referat 09.11.09

In Referat on 12 november 2009 at 7:18

Elevrådsmøte mandag 09.11.09

Les referatet på “Read more and comment”

Read the rest of this entry »

Referat frå elevrådsmøte måndag 19.10.09

In Referat on 23 oktober 2009 at 10:14

Til stades: 1B, 1D, 1MDM, 2B, 2C, 2D, 2MKA/B, 2IB, 3A, 3B, 3C, 3D, 3E, 3MK, 3MDD

Les meir under “read more and comment” eller klikk på overskrifta


Venleg helsing

Nora Malini Sætherø, sekretær

Read the rest of this entry »

Referat 28.september 2009

In Referat on 28 september 2009 at 6:14

Referat, Elevrådsmøte 28.september 2009

Tilstede: 1A, 1B, 1C, 1D, 1MKB, 1MDD, 1MDM, 2A, 2B, 2C, 2D, 2IB, 2MDM, 2MDD, 3A, 3B, 3D, 3E, 3MK, 3IB

Fortsetter under “read more and comment” Read the rest of this entry »

Elevrådsmøte 27.08.2009

In Referat on 28 august 2009 at 5:34

Referat fra elevrådsmøte torsdag 27.08.09

Les hele under “read more and comment”

Tilstede: 1A, 1B, 1C, 1D, 1MKA, 1MKB, 1MD, 2A, 2B, 2C, 2D, 2MKA, 2MKB, 2MDM, 2MDD, 2IB, 3A, 3B, 3C, 3D, 3E, 3MK, 3MDM, 3MDD, 3IB

Ekstraordinært møte i gymsalenJ

Read the rest of this entry »

Referat elevrådsmøte 14.05.2009

In Referat on 14 mai 2009 at 7:38

Referat fra elevråd 14.05.09 finner du under :) Read the rest of this entry »

Referat elevrådsmøte 23.04.2009

In Referat on 14 mai 2009 at 3:18

Referat fra elevrådsmøte 23.april 2009 finner du under :)

Read the rest of this entry »

Referat fra elevråd 26.03-09

In Referat on 13 april 2009 at 12:47

Referat elevråd 5.mars 2009

In Referat on 16 mars 2009 at 4:19

Referat elevrådsmøte 05.03.09 Read the rest of this entry »

Elevrådsreferat 12.02.2009

In Referat on 26 februar 2009 at 6:11

Nytt elevrådsstyre

In Info, Referat on 30 januar 2009 at 1:21

Da er det nye elevrådsstyret valgt :D :

  • Leder: Jørgen Tellefsen Relling
  • Nestleder: Anja Solberg Aasebøstøl
  • Skolemiljøansvarlig: Elisabeth Lium
  • Økonomisk ansvarlig: Jannis Kjeldsberg
  • Praktisk ansvarlig: Øyvind Øksnes Dalheim
  • Sekretær: Mari Mogstad Eri

Det blir en ovelappingperiode på én uke, men så tar de seks nye (der 3 er gamle) over.

Elevrådsreferat 15.12.08

In Referat on 16 desember 2008 at 12:34

Elevrådsreferat 28.11.08

In Referat on 2 desember 2008 at 10:59

Referat fra elevråd 6. november 2008

In Referat on 11 november 2008 at 2:10

Elevrådsreferat 6.nov 2008 :) –> Referat fra elevrådsmøte 06.11.2008


Referat frå elevråd 23. oktober 2008

In Referat on 27 oktober 2008 at 12:38